«Det er min abort»

«Det er min abort»

Retten til sjølvbestemt abort fram til tolvte veke er ein viktig del av tilbodet til kvinner i det norske helsevesenet.

Skrevet av: Ragnhild Nordvik, styremedlem Sex og Politikk

Kjære fastlege som vil reservere deg mot å visa meg vidare til abort. Eg har gode nyheter til deg: Du slepp. Eg har tatt på meg ansvaret for min eigen abort. Rettare sagt, eg har fått dette ansvaret. Dette ansvaret har eg fått i lova som seier at det er eg som bestemmer dette. Derfor treng eg ikkje tilvising frå deg som min fastlege. Du slepp å vaske dine hender for min abort. Den er min rett, og mitt ansvar. Din jobb er å ta i mot meg, som din pasient, informere meg om kva ein abort er og vise meg den forståing og respekt som du skal vise alle dine pasientar. Men min eigen abort skal eg ta ansvaret for sjølv, det skal du sleppe.

Derfor er det for meg uforståelig at du ønskjer å reservere deg mot å vise meg vidare. Eg treng jo ikkje tilvisinga di for å få avslutta svangerskapet mitt, noko også helseministeren har minna meg på mange gonger dei siste vekene. Handvaskinga di vert difor berre symbolsk. Men retten til sjølvbestemt abort fram til tolvte veke er ein viktig del av tilbodet til meg i det norske helsevesenet. Dersom du inngår ein avtale om å vere fastlege med listeansvar så er du ein del av dette systemet, anten du vil eller ikkje. Du er ein del av systemet også om du viser meg vidare til legen på nabokontoret i dei 15 minutta eg er der for å snakke om aborten eg vil ha gjennomført. Du blir ikkje meir – eller mindre – ansvarleg ved å ikkje sleppe meg inn på kontoret ditt desse minutta. Min abort tek eg ansvaret for. Men ved å ikkje møte meg som din pasient også når eg kjem til deg med eit uønska svangerskap så prøver du å gøyme du deg unna det ansvaret som du faktisk har, som du har tatt på deg heilt frivillig då du ønska å bli fastlege med listeansvar. Som lege fins det ei lang rekke jobbar du kunne tatt, der du ville sleppe å møte meg når eg vil ha ein abort. Når du ønska å bli fastlege vart dette ditt ansvar, å ta deg av meg som din pasient, også når eg vil ha abort. Dersom det er umulig for deg å kombinere dette med ditt eige samvit, så er det du som har ansvaret for å gjere noko med det. Truleg må du då innsjå at du ikkje skal vere fastlege med listeansvar, men heller gå inn for å gjere ein fantastisk legegjerning ein annan stad i helsevesenet. Det er mange i samfunnet som ser at dei ikkje kan velje nokre yrke ut frå sitt eige samvit. Men dette må dei sjølv ta ansvaret for. På same måte som du må ta ansvaret for valet ditt om å bli fastlege, og ikkje stå og vaske dine hender bak ei lukka dør medan eg er i naborommet og snakkar med din kollega om aborten min, som eg uansett vil ta. Du skal sleppe å ta ansvaret for min abort – men yrkesvalet ditt og samvitet ditt må du faktisk ta ansvaret for sjølv.

En forkortet versjon av denne teksten stod på trykk i Aftenposten 12. februar 2014