Ny podkast: Seksualiteten gjer livet verd å leva
Kvifor gløymer – og gøymer – samfunnet vekk at seksuell helse og er ein viktig del av livet til eldre? Det snakkar me om i eit heilt nytt podkast-seminar som blir lansert 1. oktober, på verdas eldredag.
Heile 82 prosent av dei 2 084 personane i alderen 60 til 102 år som svara på brukarundersøkinga om eldre og seksuell helse, fortalde at sex er viktig og gjer livet verd å leva. Undersøkinga er ein del av satsinga til Sex og Politikk på eldre og seksuell helse, og no følgjer me opp med eit eige podkastseminar om temaet.
Gjennom fire delar møter podkastvert og leiar for det nasjonale prosjektet «Eldre og seksuell helse» hos Sex og Politikk, Tore Aasheim, fagpersonar, forskarar, organisasjonar og politiske aktørar som frå ulike perspektiv utforskar seksualitet, livskvalitet og seksuell helse hos eldre.
Kva skjer med seksualiteten når ein blir eldre? Kvifor er det så vanskeleg å snakke om eldre og den seksuelle helsa deira? Dette er store spørsmål, og det er slett ikkje sikkert at me finn alle svara. Men i dette heilt spesielle podkastseminaret prøver me å finna nokre av dei.
I den første delen møter me samfunnsmedisinar Berit Austveg, som var styreleiar i Sex og Politikk då prosjektet «Eldre og seksuell helse» blei sett i gang i 2020. Ho snakkar mellom anna om viktigheita av å vera open og fjerna tabu om at eldre også har sex.
Fersk undersøking om eldre skeive
I den andre delen deltek Stephen Adom, leiar i FRI, og forskar Janne Bromseth, frå Universitetet i Innlandet. I denne delen blir resultat frå ei fersk undersøking om eldre skeive sine levekår presentert. Eitt av funna overraska både podkast-verten og forskaren særleg – lytt til podkasten og finn ut kva det var.
Kven snakkar me ikkje om når me snakkar om eldre og seksualitet? I den tredje delen møter me Sidsel Schaller, spesialist i klinisk sexologi og klinisk psykologi som og har tatt ein Phd på feltet. Ho har forska på målgruppa og løftar mellom anna fram ei gruppe som lett kan hamna i blindsona. Kven det er, det får du og høyre om i podkasten.
I den siste delen blir blikket løfta framover. Forbundsleiar i Pensjonistforbundet Erna Ansnes og statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet diskuterer kva som må til for å styrka den seksuelle helsa til eldre og korleis temaet kan få større plass i samfunnsdebatten. Her var faktisk politikaren og forbundsleiaren einige på fleire områder, så kva no?
Følg med på sexogpolitikk.no og på SoMe-kanalane våre for å få med deg lanseringa på YouTube 1. oktober.