-Framgang for trygg abort kan ikkje takast for gitt
Kva skal til for å sikra vidare framgang for trygg og lovleg abort i ei tid med aukande motstand?
Det var tema då Sex og Politikk, SNU og Norad inviterte til dialogseminar på Kulturhuset i Oslo i samband med den internasjonale dagen for trygg og lovleg abort.
Kjersti Augland, leiar for internasjonalt team i Sex og Politikk, ønska velkomen før Norad-direktør Gunn Jorid Roset opna seminaret med å understreka at Norad vil halda fram med å støtta internasjonale organisasjonar som arbeider for trygg abort i utviklingsland.
Ei personleg historie om utrygg abort
Alice Wambui Kariuki delte si eiga historie om å bli gravid som 14-åring i Kenya. Ho fortalte at ho visste at ein utrygg abort kunne vera farleg, men at ho likevel opplevde det som det einaste reelle alternativet.
Historia hennar synleggjorde både den medisinske risikoen ved utrygg abort og korleis skam, stigma og sosiale forventningar kan påverka vala til jenter og kvinner. Kariuki fortalte også om korleis stigmaet følgde henne vidare i etterkant, og korleis erfaringane framleis har sett spor seinare i livet.

Kva har skapt framgang?
I fagdialogen deltok Camilla Holst Salvesen, seniorrådgivar i Norad, Liv Tønnessen, forskar ved CMI, og Berit Austveg, leiar for abortutvalet i Sex og Politikk.
Salvesen peika på at dei yngste, fattigaste og mest marginaliserte framleis er blant dei som oftast manglar tilgang til trygge tenester. Ho understreka at vidare framgang krev innsats på fleire nivå, frå internasjonalt normativt arbeid og nasjonal politikk til helsetenester, informasjon og arbeid mot stigma.
– Der me ser endring, drar kreftene i same retning, sa Salvesen om betydninga av at ulike aktørar arbeider saman.
Tønnessen løfta fram korleis motstanden mot seksuelle og reproduktive rettar går på tvers av landegrenser, og korleis både sivilsamfunn, forskingsmiljø og finansiering kan koma under press.
Sivilsamfunnet som drivkraft
Sivilsamfunnet stod sentralt i diskusjonen om kva som må til framover. Dette er også eit område der Sex og Politikk sjølv har ei tydeleg rolle.
Austveg, som leier abortutvalet i Sex og Politikk, trakk fram frivillige organisasjonar, helsepersonell, progressive religiøse miljø, studentorganisasjonar og journalistar som viktige aktørar i arbeidet med å påverka haldningar, politikk og tilgang til tenester.
Tønnessen understreka på si side kor viktig det er å halda fram støtta til sivilsamfunn, også når det politiske handlingsrommet blir trongare.
Nettopp dette er ein viktig del av Sex og Politikk sitt arbeid. Organisasjonen jobbar for å styrka tilgangen til trygg og lovleg abort, motverka stigma og sikra sterkare støtte til aktørar som arbeider for abortrettar globalt.