Oppgåve 1: Samtykke og myteknusing

Oppgåve 1: Samtykke og myteknusing

  • Fag
    Samfunnskunnskap og norsk
  • Tid
    45 minutt
  • Type
    Klasseromssamtale og gruppearbeid
  • Mål
    • Elevene skal få kunnskap om hva samtykke er og hvordan det kan høres, ses og føles.
    • Elevene skal reflektere over utfordringer i sammenheng med grensesetting og drøfte ulike verdier, normer og lover som gjelder kjønn, seksualitet og kropp/hvorfor samtykke er viktig i alle former for mellommenneskelige relasjoner.

Forklaring

A) Kva betyr samtykke? 

  1. La elevane lese elevteksten, still dei gjerne oppfølgingsspørsmål. For eksempel:  
    • Var det noko som overraska dykk i det de las? 
    • Kvifor trur de mange ventar lenge med å fortelje om seksuelle overgrep? 
    • Kva er ein valdtektsmyte? 
    • Kvifor er det viktig å respektere kvarandre? 
    • Kvifor kan det vere vanskeleg å skjønne kvar grensene går for andre? 
    • Kvifor er samtykke ein positiv ting? Har det andre positive konsekvensar enn å vere eit verktøy mot valdtekt? 
  1. No skal elevane snakke om korleis eit samtykke kan sjå ut i praksis. Lat dei snakke om følgjande spørsmål i par/små grupper i cirka éin–to minutt:
    Korleis kan samtykke sjåast/høyrast/kjennest?

  1. Samle tankane til elevane i eit tankekart på tavla.

B) Mytar om kjønn, seksualitet og samtykke 

  1. Print og klipp ut mytane i arbeidsarket «Myteknusing». 
  1. Del elevane i grupper på tre–fire elevar og la dei diskutere følgjande spørsmål til kvar myte: 
    • Har du høyrt denne myten før? Viss ja: kvar? 
    • Kan denne myten vere skadeleg? Viss ja: på kva måte? 
    • Korleis kan vi knuse denne myten? 
  1. Avslutt med felles oppsummering.

Tips til undervisinga

Seksuelle overgrep er eit sensitivt personleg tema som kan vere triggande for mange elevar. Statistikken viser at dette er noko mange unge menneske har opplevd. Det er derfor svært sannsynleg at dette er noko ein av elevane dine har personleg erfaring med. Gi elevane beskjed om at dette er temaet for undervisninga i forkant av timen, og ver tydeleg om at dei ikkje må delta om dei ikkje vil. Det er viktig at læraren opptrer ekstra omsynsfullt i timar der ein snakkar om seksuelle overgrep og valdtekt. Det kan vere lurt å ha alternative undervisningsopplegg klart, slik at elevar som treng det, kan bruke dette. 

 

Undervisaren må også vere førebudd på at elevar kan få reaksjonar i etterkant av timen, og då kan det vere fint å orientere elevane dine om kvar dei kan gå om dei treng nokon å snakke med (sjå liste over aktuelle tilbod i ressursbanken). Vidare er det viktig at timen skal setje søkjelys på at ansvaret for eit seksuelt overgrep eller ei valdtekt alltid ligg på den som utfører krenkinga eller overgrepet. I filmen som blir brukt, er alle dei unge mennene dømde for valdtekt, det er med andre ord ikkje nokon grunn til å diskutere skuldspørsmål. Prøv heller å dreie samtalen inn mot refleksjonane som kjem opp i filmen. 

Vidare veit vi at seksuelle overgrep er eit problem som rammar alle kjønn. Norsk statistikk baserer seg i all hovudsak på binære kjønnskategoriar: mann og kvinne. Men internasjonal forsking viser at kjønnsminoritetar er sterkt utsette for overgrep. Den statistikken vi har i Noreg, viser at seksuelle overgrep rammar langt fleire jenter enn gutar, noko som er problematisk for livet, tryggleiken og helsa til den kvinnelege befolkninga. Samtidig fører ei tradisjonell oppfatning av kva seksuelle overgrep er, og kven som kan bli utsette for det, til at gutar ikkje kan eller tør seie at dei opplever det. 

Kompetansemål

  • Reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp.

  • Greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig.
      

  • Ta andres perspektiv og håndtere meningsbrytning om religion, livssyn og verdispørsmål.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.