Oppgave 2: Ikke en sånn fyr

Oppgave 2: Ikke en sånn fyr

  • Fag
    Samfunnskunnskap og norsk
  • Tid
    90 minutt
  • Type
    Film og klassesamtale
  • Mål
    • Elevene skal få kunnskap om hva samtykke er og hvordan det kan høres, ses og føles.
    • Elevene skal reflektere over utfordringer i sammenheng med grensesetting og drøfte ulike verdier, normer og lover som gjelder kjønn, seksualitet og kropp/hvorfor samtykke er viktig i alle former for mellommenneskelige relasjoner.

Før øvinga

Skriv opp på tavla dei ulike historiene elevane skal følgje; det kan vere unødvendig forvirrande for dei om dei er usikre på kva historie dei følgjer. 

  1. Signe & Morten (vennen i bilen): Signe er regissøren av filmen. Ho har sjølv opplevd ei festvaldtekt, som ho melde. Denne meldinga blei lagd vekk. I fleire av scenene i filmen køyrer Signe rundt og snakkar med «Morten». 
  1. Morten (26), 2016: blond, kort hår, kvit mann; dømd for å ha valdtatt ei nær veninne på fest som var bevisstlaus eller av andre grunnar ute av stand til å setje seg mot handlinga. Han kallar det sjølv ei «sovevaldtekt». 
  1. Benjamin (27), 2020: mørkhåra kvit mann med noko skjeggvekst; dømd for å ha valdtatt kjærasten sin etter fest ved bruk av vald eller trugande åtferd. 
  1. Kasper (20), 2020: ung mann med caps; dømd for å ha valdtatt ei venninne som var bevisstlaus eller av andre grunnar ute av stand til å setje seg mot handlinga. Valdtekta skjedde på ein filmkveld, alle hadde drukke.

Beskrivelse

  1. Gjer oppgåve 1A og 1B eller snakk med elevane om respekt, grenser og samtykke i forkant av at de ser filmen. Hugs at tematikken kan vere triggande. Det er viktig at elevane veit at dei kan forlate rommet om det blir for mykje. Hugs at elevar som er på telefonen eller tilsynelatande ikkje følgjer med undervegs, kan vere elvar som har reaksjonar og treng ein liten pause. 
  1. Sjå filmen (40 minutt). 
  • Stopp filmen på 11.50.
    I bilen seier Morten følgjande til Signe: «(…) det er ein lang veg mellom å kalle seg ein valdtektsmann og det å kalle seg uskuldig. Ein er ikkje nødvendigvis éin av delane.» Kva trur du han meiner med dette? 
  • Stopp filmen på 14.45.
    «Benjamin» fortel at etter dommen kom covid-pandemien, og han var svært einsam; han vurderte å ta livet av seg. Korleis burde samfunnet ta hand om menneske som er dømde i straffesaker, og som slit psykisk? 

    (Her kan dere snakke om psykologhjelp i fengselet og i forkant av fengsling, hva slags syn samfunnet har på personer som begår overgrep eller lignende.) 
  1. La elevane saman gjere oppgåvene under, eller gjer dei saman i plenum:
    • Filmen heiter «Ikke en sånn fyr». Kva slags fyr, eller kva slags person har ein eigentleg lyst til å vere? 
    • Slik vi snakka om tidlegare, er den forma for valdtekt vi høyrer om her, den vanlegaste forma. Det er også mest sannsynleg den lettaste å førebygge. Korleis kan vi jobbe førebyggande mot festvaldtekt? 
      • På individnivå 
      • I vennegjengen  
      • I klassen 
      • På samfunnsnivå  
    • Vi får høyre at Signe, som har vore med på å lage filmen, sjølv har opplevd ei valdtekt. Kva trur du er motivasjonen hennar for å bidra til å lage ein film som dette?

Tips til undervisninga

Seksuelle overgrep er eit sensitivt personleg tema som kan vere triggande for mange elevar. Statistikken viser at dette er noko mange unge menneske har opplevd. Det er derfor svært sannsynleg at dette er noko ein av elevane dine har personleg erfaring med. Gi elevane beskjed om at dette er temaet for undervisninga i forkant av timen, og ver tydeleg om at dei ikkje må delta om dei ikkje vil. Det er viktig at læraren opptrer ekstra omsynsfullt i timar der ein snakkar om seksuelle overgrep og valdtekt. Det kan vere lurt å ha alternative undervisningsopplegg klart, slik at elevar som treng det, kan bruke dette. 

Undervisaren må også vere førebudd på at elevar kan få reaksjonar i etterkant av timen, og då kan det vere fint å orientere elevane dine om kvar dei kan gå om dei treng nokon å snakke med (sjå liste over aktuelle tilbod i ressursbanken). Vidare er det viktig at timen skal setje søkjelys på at ansvaret for eit seksuelt overgrep eller ei valdtekt alltid ligg på den som utfører krenkinga eller overgrepet. I filmen som blir brukt, er alle dei unge mennene dømde for valdtekt, det er med andre ord ikkje nokon grunn til å diskutere skuldspørsmål. Prøv heller å dreie samtalen inn mot refleksjonane som kjem opp i filmen. 

Vidare veit vi at seksuelle overgrep er eit problem som rammar alle kjønn. Norsk statistikk baserer seg i all hovudsak på binære kjønnskategoriar: mann og kvinne. Men internasjonal forsking viser at kjønnsminoritetar er sterkt utsette for overgrep. Den statistikken vi har i Noreg, viser at seksuelle overgrep rammar langt fleire jenter enn gutar, noko som er problematisk for livet, tryggleiken og helsa til den kvinnelege befolkninga. Samtidig fører ei tradisjonell oppfatning av kva seksuelle overgrep er, og kven som kan bli utsette for det, til at gutar ikkje kan eller tør seie at dei opplever det. 

Kompetansemål

  • Reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp.

  • Greie ut om og drøfte norskfaglige eller tverrfaglige temaer muntlig.
      

  • Ta andres perspektiv og håndtere meningsbrytning om religion, livssyn og verdispørsmål.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.