Forklaring
- Fortel elevane at dei skal jobbe med omgrepet samtykke. Skriv «samtykke» på tavla og la elevane fortelje kva dei assosierer med ordet. Kanskje har nokon høyrt om samtykke i media?
- Fortel elevane at det no skal handle om korleis vi alle kan bli flinke til å gi og få samtykke. Det vil seie at vi spør om lov, og at den andre seier ja eller nei. Det skal også handle om at vi også alltid har lov til å ombestemme oss, sjølv om vi først har sagt ja til å vere med på noko. For å ha nokre eksempel å jobbe ut frå skal de sjå teiknefilmen «Hva er samtykke?» (ca. 4 minutt).
- Deretter blir klassen delt i seks grupper. Kvar gruppe får ein case kvar med ein illustrasjon frå filmen dei har sett (ligg i arbeidsarket for oppgåva). La elevane arbeide med bildet på arbeidsarket og spørsmåla som høyrer til.
- Elevane legg fram svara sine for resten av klassen.
Faktaboks
Samtykke er når vi uttrykker at vi er einige, gir løyve til eller har lyst til å vere med på noko. Vi kan for eksempel gi samtykke ved å uttrykke eit ja til ein flørt eller til sex, og det kan vi vise på mange måtar. Vi kan gjere det med ord eller med kroppsspråk – for eksempel at vi smiler eller går nærare den andre personen. Samtykke er ein måte å bekrefte at vi ønskjer å vere med på.
Vi kan alltid trekke tilbake eit samtykke dersom vi ikkje lenger har lyst til å vere med på det vi har gått i gang med. Vi kan også gi samtykke til éin ting, men ikkje til ein annan. Det kan for eksempel vere samtykke til å flørte, men ikkje til å kysse. Derfor er det viktig at vi er oppmerksame og sjekkar hos kvarandre for å forsikre oss om at alle er einige om kva som skal skje.
Kompetansemål
- Reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar.
- Informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakaren og medie.
- Bruke fagspråk og argumentere sakleg i diskusjonar, samtalar, munnlege presentasjonar og skriftlege framstillingar om norskfaglege og tverrfaglege tema.
- Identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytte til ulike former for kommunikasjon.
- Utforske andre sine perspektiv og handtere usemje og meiningsbryting.
Har du noe på hjertet?
Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.