Sexpress: greitt, ikkje greitt eller ulovleg?

Sexpress: greitt, ikkje greitt eller ulovleg?

  • Fag
    Samfunnsfag, norsk, KRLE, naturfag
  • Tid
    60-90 min
  • Type
    Leseark, gruppeoppgåve
  • Mål
    • Elevane formulerer i fellesskap kva tankar og haldningar dei har til temaet grenser.
    • Elevane reflekterer over sine eigne og andre sine grenser, og korleis dei skal respektere dei.

Forklaring

  1. Undervisaren forklarer for elevane at dei no skal lese og snakke om seksuelle overgrep. 

NB: Hugs å gi beskjed til elevane om kva timen skal handle om, i god tid, gjerne ein dag eller to i førevegen. Å snakke om seksuelle overgrep kan vere vanskeleg for somme elevar. 

  • Dersom de ikkje har arbeidd med temaet tidlegare, kan det vere ein god idé å starte med «Delbart?», politiets opplegg til bildedeling. De finn lenke i lista til høgre.
  1. Undervisaren deler ut elevteksten og lar elevane lese teksten kvar for seg.  
  1. Når alle elevane har lese ferdig, kan de gjerne snakke om det elevane har lese. Var det noko som var nytt for dei?  
  1. Del deretter klassen i grupper på fire elevar i kvar.  
  1. Når elevane sit gruppevis, deler undervisaren ut dei ni eksempla (arbeidsarket) til kvar gruppe.  Undervisaren forklarer at elevane i kvar gruppe skal bli einige om kva for utsegner som høyrer til i kategoriane «greitt», «ikkje greitt» og «ulovleg».   
  1. Når alle gruppene har kategorisert alle eksempla, kan de diskutere i fellesskap i klassen om kvifor de meiner at dei ulike eksempla høyrer heime i dei ulike kategoriane. Diskuter om elevane har kategorisert likt, og om nokon av eksempla kunne ha vore plassert i andre kategoriar. Undervisaren kan bruke fasiten som ressurs i arbeidet.   
  1. Avslutningsvis kan det vere fint å snakke om kvar ein kan få hjelp om ein treng det, og høyre om nokon av elevane har spørsmål til det dei har lese og lært. Dersom elevane har andre spørsmål til dette temaet, kan du gjerne tipse dei om den anonyme spørjetenesta ung.no.  

Den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år, og det vil seie at personar over 16 år ikkje kan ha sex eller gjennomføre seksuelle handlingar med personar under 16 år. Det finst nokre tilfelle der personen over 16 år ikkje blir straffa for å ha sex med nokon under 16 år. 

Seksuelt overgrep 

Overgrep er forklart som «ei samlenemning og omfattar eit breitt spekter av uønskte seksuelle handlingar. Dette kan for eksempel vere beføling, masturbasjon, forsøk på og gjennomført penetrasjon av kroppsopningar med penis, fingrar eller gjenstand. Det kan også vere seksuelle handlingar utan direkte fysisk kontakt, for eksempel digitalt eller på nettet. Gjerningspersonen kan gjennomføre slike seksuelle handlingar gjennom fysisk vald, truslar, makt, press, rus, manipulering eller utnytting av ein autoritetsposisjon. Seksuelt krenkande åtferd er også forklart som seksuelle overgrep, for eksempel i form av verbale krenkingar, slibrigheiter og blotting». (Kjelde: nhi.no) 

Seksuelle overgrep er ulovlege og blir straffa, men er ikkje definerte som valdtekt etter norsk lov.  

 

Seksuell tvang 

Å bli utsett for seksuell tvang er når ein utfører seksuelle handlingar når ein eigentleg ikkje vil, men blir masa på til ein gir etter for maset/tvangen. Etter kvart orkar ein kanskje ikkje å seie nei meir, og gir personen sex for å sleppe ubehaget av å bli masa på. Ein tenkjer kanskje gjerne at dette ikkje har særlege konsekvensar, men dette kan skape problem for eigen seksualitet og eiga glede av sex i ettertid. Dette er eit av punkta det er ønske om å få inn i ei eventuell samtykkelov. På engelsk blir seksuell tvang kalla for «rape by coercion», som direkte omsett blir «valdtekt ved tvang». Denne tvangen er gjerne verbal – for mange er det derfor vanskeleg å forhalde seg til overgrepet som har skjedd. 

 

Valdtekt 

Valdtekt er ulovleg og er definert som «å ha seksuell omgang ved å bruke tvang, truslar, makt eller vald; å ha seksuell omgang med nokon som er bevisstlaus, søv eller er så full at dei ikkje er i stand til å vise at dei ikkje har lyst; å true eller bruke vald for å få nokon til å ha seksuell omgang med andre eller med seg sjølv». (Kjelde: politiet.no) 

Det kan vere svært vanskeleg å oppleve valdtekt, kome seg gjennom tida etter og å snakke med andre med valdtekt, særleg om ein har opplevd det sjølv. Det er viktig å snakke med nokon du er trygg på, om du har opplevd valdtekt, og det er også viktig å melde valdtekta til politiet.  

 

Overfallsvaldtekt 

Eit typisk eksempel på ei overfallsvaldtekt er at ein går på gata og blir overfallen og valdteken. Denne forma for valdtekt er ikkje spesielt utbreidd i Noreg, men det skjer også her. Vi veit at dei fleste valdtekter faktisk skjer mellom menneske som kjenner kvarandre frå før, og det er gjerne alkohol eller andre rusmiddel involvert.  

 

Sovevaldtekt 

Sovevaldtekt skjer der offeret søv og ein annan person utfører seksuelle handlingar med kroppen til offeret. Dette er ei like alvorleg valdtekt som alle andre typar, og kan også gi traume og vanskar i ettertid.  

 

Seksuell lågalder 

Den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år, og all seksuell omgang med barn under 14 år blir rekna som valdtekt. Dette omfattar å få barn til å ta på seg sjølv eller andre. Uansett om barnet sjølv seier at det vil ha sex eller ikkje, er dette altså valdtekt.  

Det at den seksuelle lågalderen er 16 år, betyr at personar over 16 år ikkje kan ha sex eller gjennomføre seksuelle handlingar med personar under 16 år. Denne lova finst i hovudsak for å beskytte barn mot å bli utnytta av vaksne, og for å hjelpe til så ungdom ikkje har sex før dei er klare. Om ein person er under 16 år og kjærasten er over 16 år, kan personen over 16 i teorien straffast med fengsel.  

 

Incest 

Incest er seksuelle handlingar gjort mellom personar i ein familie, anten mellom søsken, foreldre og barn, eller mellom andre vaksne og barn i ein familie. Incest er ulovleg i Noreg, og all seksuell omgang mellom vaksne og barn, uansett om dei er i familie eller ikkje, er seksuelle overgrep.  

Kompetansemål

  • Reflektere over korleis identitet, sjølvbilde og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis vi kan handtere påverknad og uønskte handlingar.  

  • Informere, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål tilpassa mottakar og medium. Utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon. 

  • Utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting. Identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytte til ulike former for kommunikasjon.   

  • Drøfte spørsmål knytte til seksuell og reproduktiv helse.

Vil du gi tilbakemelding ?

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat. Aenean faucibus nibh et justo cursus id rutrum lorem imperdiet. Nunc ut sem vitae risus tristique posuere.