Samtykke og sosiale medium

Samtykke og sosiale medium

  • Fag
    KRLE, Naturfag, Norsk, Samfunnsfag
  • Tid
    90-120 minutt
  • Type
    Film, refleksjonsoppgåve
  • Mål
    • Elevane har kjennskap til reglane for bildedeling.
    • Elevane kan reflektere over korleis dei passar på seg sjølve og andre på nettet.

Forklaring

  1. Fortel elevane at det no skal handle om bildedeling. Kanskje har elevane høyrt i media om saker der bilde og videoar er blitt delte ulovleg? Mange av ungdommane som deler bilde og videoar, veit kanskje at det ikkje er «god stil», men det er ikkje alle som veit at det også er ulovleg. Det er viktig å kjenne til reglane for bildedeling, både for å respektere andre, for å passe på seg sjølv, og for å ikkje gjere ei ulovleg handling som kan skade andre. 
  • Dersom du er usikker på reglane, kan det vere lurt å sjå gjennom materiellet «Delbart?» frå politiet. Du finn lenke i lista til høgre.  

  1. No skal de sjå ein eller fleire episodar frå serien «Nudes» om «Viktor». Opplegget fungerer best om de ser anten del 1 (20 min) eller del 1, 2 og 3 (56 min) (lenke i lista til høgre). Stopp episodane undervegs, og diskuter med elevane: 

Del 1 

  • Stopp episoden på 3.00: 
    Spør elevane: Kva førsteinntrykk har de av Viktor? Verkar han som ein ålreit type
  • Stopp episoden på 8.00: 
    Spør elevane: Kva trur de har skjedd på denne festen?
  • Etter episoden: 
    Skriv Miriams versjon av det som skjedde den kvelden, og følelsen ho sat med morgonen etter, eller skriv ein dialog mellom Viktor og Miriam der dei snakkar om det som skjedde. 

Del 2 

  • Stopp på 6.00 
    Kven har påverka synet og haldningane til Viktor? Endrar det seg i løpet av episodane?
  • Stopp på 10.40 
    Nikoline skal sende ei melding til bestevenninna si der ho fortel om tankane sine rundt det som skjer med Viktor. Kva seier ho? 
  • Stopp på 18.00 
    Er det eit problem at medelevane til Viktor tar ansvar for å dømme han? Kvifor? 

Del 3 

  • Stopp på 4.30 
    «Somme folk er rett og slett berre meir følsame enn andre» – Kvar  plasserer Viktor ansvaret? 
  • Etter episoden: 
    Politiet spør Viktor «Kvifor gjorde du dette då?» – Kva trur de?

  1. Det kan vere fint å runde av timen med ein felles klassesamtale. De kan jobbe med spørsmåla uavhengig av om de har sett episode 1 eller alle episodane.  
    • Korleis kan vi vite at dei vi sender eit nakenbilde til, gjerne vil ha det? 
    • Kva kan vi gjere dersom vi får eit nakenbilde vi ikkje har gitt samtykke til?
    • Kva kan du gjere dersom nokon deler eit nakenbilde av deg? 
    • Kva betyr «privat»? 
    • Kva betyr «tillit»? 

Kompetansemål

  • Utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur.
  • Utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett.

  • Utforske og vurdere korleis digitale medium påverkar og endrar språk og kommunikasjon.

  • Identifisere og drøfte etiske problemstillinger knyttet til ulike former for kommunikasjon.

  • Drøfte spørsmål knytte til seksuell og reproduktiv helse.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.