Forklaring
- Undervisaren forklarer for klassen at dei skal jobbe med temaet nyting, og til det høyrer tema som kjønnsorgan, onani og sex.
- Undervisaren deler ut leseark til elevane og lar dei lese gjennom kvar for seg.
- Deretter ser de filmane «Følsomme steder på kroppen» og «Utløsning og orgasme» (sjå lenker i lista til høgre).
Merknad: Nettsida «sexfordeg.no» som det blir referert til på slutten av filmen, er ikkje lenger i drift. Nettsida ung.no har ein liknande funksjon og fungerer godt for elevar.
- Undervisaren startar deretter med oppgåve A.
(Tips: Dersom det blir knapt med tid til å gjere både oppgåve A og B i same timen, kan arbeidet delast opp.)
Oppgåve A
- Del ut arbeidsarket til «Finn klitoris!». Elevane skal setje ring rundt der dei meiner at klitorishovudet er på dei ulike kjønnsorgana.
- Avslutningsvis viser undervisaren kvar klitorishovudet er på dei forskjellige illustrasjonane. Det kan også vere fint å snakke om og peike på dei andre delane av vulva, og snakke om kvifor illustrasjonane ser forskjellige ut.
Oppgåve B
Sjå reklamen «På tide å gi hånden en velfortjent pause?» frå Kondomeriet (lenke i lista til høgre). Svar deretter på spørsmåla nedanfor.
- Kvifor trur de Kondomeriet har laga denne reklamefilmen retta mot menn?
Her kan de snakke om kva slags forventningar og normer som gjeld for mannleg seksualitet, og at det kanskje er meir tabubelagt for menn å utforske åleine kva som gir dei nyting.
- Trur de tankane våre om seksualiteten og nytinga til menn blir påverka av porno?
Her kan de snakke om korleis porno ofte formidlar seksualiteten til menn som noko kraftig og eksplosivt. Seksuell nyting kan variere for penis og vulva, og det er ikkje éin mal som gjeld for det eine eller det andre.
Kompetansemål
- Drøfte spørsmål knytta til seksuell og reproduktiv helse.
Har du noe på hjertet?
Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.