Samtykke og meg (8. – 10. trinn)
Temaet for årets Veke 6-kampanje for 8.–10. trinnet er «Samtykke og meg». Formålet med kampanjen er å gi elevane ei god forståing av kva samtykke er, kvifor samtykke er viktig, korleis dei kan gi og få samtykke, og konsekvensane av å ikkje få samtykke.
Oppgåvene skal gjere elevane merksame på sine eigne kjensler og kroppslege reaksjonar, innsikt i kjønnsidentitetar og forskjellige seksualitetar, i tillegg til kunnskap om kjønnsorgana. Målet er at elevane skal kunne gjere informerte og reflekterte val for seg sjølv og andre.
Årets kampanjepakke består av tekstar til elev og underviser, handplukka oppgåver og ein PowerPoint presentasjon. Oppgåvene ligg «innbakt» i PowerPointen, og det blir derfor tilrådd å bruka denne til å strukturera undervisninga.
Øving
-
Kva er samtykke?
-
FagKRLE, Norsk, Samfunnsfag
-
Tid45-90 minutt
-
TypeGruppearbeid, caser
-
Mål• Elevane kan forklare kva samtykke betyr.
• Elevane veit kva det vil seie å overskride / få kryssa eigne grenser og krysse/overskride andre sine grenser.
-
-
Nyting
-
FagNaturfag
-
Tid30 min
-
TypeLeseark, arbeidsark
-
Mål• Elevane skal kjenne til anatomien til forskjellige kjønnsorgan.
• Elevane skal lære om orgasme, at sex er mange forskjellige ting, og dei skal forstå omgrepa sex og onani.
-
-
Samtykke og sosiale medium
-
FagKRLE, Naturfag, Norsk, Samfunnsfag
-
Tid90-120 minutt
-
TypeFilm, refleksjonsoppgåve
-
Mål• Elevane har kjennskap til reglane for bildedeling.
• Elevane kan reflektere over korleis dei passar på seg sjølve og andre på nettet.
-