Over grensa

Over grensa

  • Fag
    Samfunnsfag
  • Tid
    45-90 minutt
  • Type
    Bilder og dilemma
  • Mål
    Eleven kan gi eksempel på kva vi kan gjere dersom vi opplever at våre eigne eller andre sine grenser blir overskridne.

Forklaring

  1. Skriv ut arbeidsarka.

  1. Fortel elevane at dei no skal arbeide med situasjonar der det kan vere vanskeleg å vite om grenser blir overskridne eller respekterte.

  1. Del klassen inn i grupper på tre–fire elevar per gruppe.

  1. Kvar gruppe får eit sett med situasjonskort. Dei skal byte på å trekke situasjonskort. Deretter skal gruppa diskutere:
    • Kva skjer på kortet?
    • Er det grenser som blir overskridne?
    • Er det grenser som blir respekterte?
    • Kva burde vi gjere i den situasjonen som kortet viser?

  1. Felles oppsummering med ein gjennomgang av alle – eller av utvalde – situasjonskort. De kan for eksempel snakke om:
    • Kva skjer å kortet?
    • Har gruppene forskjellig oppfatning av kva kortet viser? Dersom ja, kvifor er det sånn?
    • Korleis ka vi vere merksame på at våre eigne grenser ikkje alltid er dei same som andre sine grenser?
    • Kva kan vi gjere for å vite om vi respekterer andre sine grenser?

Kompetansemål

  • Reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne.
  • Gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og
    reflektere over konsekvensar av å bryte dei.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.