Kven bestemmer over kroppen din?

Kven bestemmer over kroppen din?

  • Fag
    Samfunnsfag, naturfag
  • Tid
    30-60 minutt
  • Type
    4 hjørner
  • Mål
    • Å utvikle evne til å reflektere over sjølvråderetten til eigen kropp.
    • Elevane får trening i å gjere kompetente val om sjølvråderett og grensesetjing.
    • Elevane reflekterer over at det er fleire handlingsalternativ og fleire moglege konsekvensar av ulike handlingar.

Forklaring

  1. Før ein byrjar på øvinga, må alle elevane får ei innføring i arbeidsformen. Dei skal vite at øvinga handlar om å ta stilling – òg sjølv om ein er i tvil, målet er ikkje å bli samde – men å undersøkje ulike standpunkt og at ein ikkje skal kommentere vurderingane til kvarandre.

  1. Undervisaren presenterer elevane for eit spørsmål som inneber eit dilemma, og fire moglege løysingar som dei skal ta stilling til. Kvart hjørne av klasserommet representerer eit svaralternativ. Hjørnet blir merka med ein bokstav eller eit tal, eller ved at undervisaren stiller seg der når svaralternativet blir lese opp. Når alle svara er lesne opp, plasserer elevane seg i det hjørnet som dei synest beskriv det beste svaralternativet. Hjørnet «Andre alternativ» skal brukast av elevar som ikkje synest at dei tre andre svara er gode. Når alle har plassert seg i eit hjørne, kan øvinga halde fram på to måtar:

  1. Undervisaren går til kvart hjørne og spør om det er nokon som vil fortelje kvifor dei synest dette er det beste svaret. Fordelen med denne framgangsmåten er at elevane ikkje blir pressa til å svare om dei ikkje har lyst til å argumentere for standpunkta. Elevane blir òg spurde om dei ser nokre ulemper med løysinga dei har valt. Undervisaren ber elevane i kvart hjørne snakke saman i mindre grupper på to–tre personar før dei skal argumentere for standpunktet overfor resten av klassen. Fordelen med dette kan vere at ein først øver seg i å argumentere overfor «likesinna».

  1. Når ein har høyrt argumenta frå alle dei fire hjørna, spør undervisaren om det er nokre av elevane som har skifta meining etter å ha høyrt dei andre svara? Om det er det, får dei lov til å flytte seg til eit anna hjørne – og eventuelt fortelje om kva det var som fekk dei til å skifte meinin.

Kompetansemål

  • Feflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne.

  • Gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.