Forklaring
Målgruppe: 5. trinn
- Undervisaren fortel elevane at dei skal gjere ei øving som heiter «Sant eller usant om puberteten», der dei skal svare på ei rekkje spørsmål om emnet.
- Kvar elev får levert ut eit kort der det står eit spørsmål med svaralternativ og det korrekte svaret. Elevane skal gå omkring i klasserommet, og kvar gong dei møter ein annan elev, stoppar dei opp og stiller kvarandre det spørsmålet dei har på kortet. Når dei to elevane har stilt og svart på spørsmåla til kvarandre, byter dei kort og går vidare omkring i klassen, til dei finn ein ny person å snakke med.
- Det gjeld å nå rundt til så mange ulike klassekameratar og rekkje å svare på så mange spørsmål som mogleg. Dei kan godt svare på same spørsmålet fleire gonger til ulike klassekameratar. Dei skal ikkje kommentere svara til kvarandre, og dei skal berre svare kort og presist.
- Undervisaren stoppar øvinga når ho har vart så lenge at elevane har stilt kvarandre spørsmåla.
- Som oppsummering kan undervisaren velje å gjennomgå utvalde spørsmål som det vil vere meiningsfullt å snakke om i fellesskap, men det kan òg takast utgangspunkt i følgjande spørsmål:
- Var det nokre svar som overraska dykk?
- Har de lært noko nytt om puberteten i øvinga?
- Kor trur de at de har kunnskapane dykkar om puberteten frå?
- Kven har de snakka med om puberteten (til dømes venner, foreldre, annan familie)?
Kompetansemål
- Gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet.
Har du noe på hjertet?
Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.