Kroppen på spel

Kroppen på spel

  • Fag
    Naturfag, samfunnsfag
  • Tid
    30-45 minutt
  • Type
    Spill
  • Mål
    • Elevane skal kunne svare på faktaspørsmål om kropp og pubertet.
    • Elevane skal kunne setje opp konkrete handlingsalternativ for dilemma som gjeld kropp og pubertet.

Forklaring

Målgruppe: 6. og 7. trinn

  1. Kvar gruppe får levert ut spelebrett, dilemmakort, spørsmålskort og spelereglar (ferdig kopierte opp av undervisaren). Undervisaren kan eventuelt klippe ut spørsmålskort og dilemmakort på førehand, slik at elevane ikkje ser spørsmåla og dilemmaa før spelet startar. Alternativt kan elevane sjølve klippe ut korta før spelet byrjar.

  1. Undervisaren instruerer elevane i korleis spelet går. Spørsmålskorta og dilemmakorta skal leggjast i kvar sin bunke med teksta ned.

  • Spelebrikkene blir sette på start, og elevane kastar terning om kven som skal starte. Spelet blir sett i gong ved at den som skal starte, kastar terningen og rykkjer framover så mange felt som terningen viser.
  • Landar ein spelar på eit spørsmålsfelt, skal ein av motspelarane trekkje det øvste spørsmålskortet i bunken og lese spørsmålet høgt for den spelaren som står på spørsmålsfeltet. Kan spelaren svare rett, får vedkomande kaste ein gong til. Svarer spelaren feil, må spelaren vente ein omgang.
  • Landar ein spelar på eit dilemmafelt, skal spelaren trekkje eit dilemmakort og lese det høgt for dei andre spelarane. Spelaren skal deretter vente ein omgang, og bruke tida til å tenkje gjennom kva handlingsalternativ som kan vere løysing på dilemmaet.
  •  Før spelaren kastar att, må spelaren fortelje dei andre spelarane kva løysing dei vil velje, og forklare kvifor det er den beste. Om ein spelar vel den løysinga som er «noko anna», må spelaren fortelje korleis dilemmaet bør handterast. Landar ein spelar på eit felt der det står «rykk to felt tilbake» eller «slå eit ekstra kast», skal spelaren gjere det som står på feltet.
  • Den spelaren som kjem først i mål, har vunne.

Kompetansemål

  • gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet

  • reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.