Er det samtykke?

Er det samtykke?

  • Fag
    Samfunnsfag
  • Tid
    45-90 minutt
  • Type
    Film, bilder og gruppearbeid
  • Mål
    • Elevene skal kunne komme med forslag til hva samtykke betyr.
    • Elevene skal vite hva det vil si å få krysset egne og andres grenser.

Forklaring

  1. Skriv ut arbeidsarket. 

  1. Fortel elevane at det skal handle om det som heiter samtykke. Samtykke er eit ord som betyr at ein er einig om noko, og at dei som er med på det ein gjer, gjerne vil vere med. Fortel elevane at dei først skal sjå ein liten teiknefilm som viser seks eksempel på det som ikkje er samtykke. Etter filmen skal klassen jobbe med dei seks eksempla og kome med forslag til korleis vi kan bli flinkare til å snakke om og forstå kva samtykke er.  

  1. Skriv «samtykke» på tavla og la elevane fortelje kva dei straks tenkjer når dei høyrer ordet. Kanskje nokon har høyrt om ordet i media? Spør om elevane har høyrt ordet før, og kva dei eventuelt har høyrt om det.  

  1. Sjå filmen «Samtykke?». 

  1. Diskuter i plenum eller i grupper:
    • Kva handla filmen om? 
    • Får eksempla i filmen dykk til å tenkje på andre eksempel? Kva slags?
      (Hugs avtalane i Eit trygt rom – ikkje snakk om private ting, men hald det generelt. Dersom klassen ikkje har gjort øvinga Eit trygt rom, kan de med fordel gjere det før denne timen). 
    • Kvifor er det viktig å lære om samtykke? 

  1. Fortel elevane at det no skal handle om korleis vi alle kan bli flinke til å gi og få samtykke. Det vil seie at vi spør om lov, og den andre får høve til å seie ja eller nei. Det skal også handle om at vi gjerne kan ombestemme oss, sjølv om vi først har sagt ja til å vere med på noko.  

  1. Del klassen inn i seks grupper, og gi gruppene eit arbeidsark kvar. La elevane arbeide med bildet på arket og spørsmåla som høyrer til. 

  1. Etter gruppearbeidet legg kvar gruppe fram svara sine for resten av klassen. 

Kompetansemål

  • Reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.