Samtykke og puberteten (5. – 7. trinn)

Samtykke og puberteten (5. – 7. trinn)

Temaet for Veke 6 2023 for 5. – 7. trinnet er «Samtykke og puberteten», og i årets materiell finn du fleire gode ressursar du kan bruke til å gi elevane dine ein trygg og god introduksjon til pubertet og samtykke.

Formålet med årets kampanje er å gjere elevane merksame på eigne følelsar og kroppslege reaksjonar, og gi dei kunnskap om kva som skjer under puberteten.

Årets kampanjepakke består av tekst til elevane, undervisar og foreldre, handplukka øvingar og PowerPointpresentasjon. Øvingane ligg «innbaka» i PowerPointen, og det blir derfor tilrådd å nytta denne til å strukturera undervisninga.