Forklaring
- Undervisaren forklarer for klassen at de no skal snakke om samtykke, og snakkar om kva ordet betyr. De kan gjerne bruke døme A og B som utgangspunkt for samtalen. Det kan også vere fint å bruke videoar frå Redd Barnas undervisningsmateriell, «Kroppen min eier jeg», som ein introduksjon til temaet.
Døme til oppgåva
Når vi leikar med kvarandre, så skal vi ha det gøy! Vi skal kose oss, le, nokre gonger skal vi vere alvorlege, og ofte skal vi vere fantasifulle. Men somme gonger gjer kanskje nokon andre noko mot oss som vi ikkje vil. Kanskje kilar nokon deg, og du liker ikkje å bli kilt? Eller kanskje nokon dyttar deg? Kanskje vil ein venn ta på deg når du ikkje vil bli tatt på? Ein ting som er veldig viktig å vite, er at vi bestemmer over oss sjølve og vår eigen kropp. Dersom nokon gjer noko mot deg som du ikkje vil, så kan du seie nei, du kan snakke med ein vaksen, du kan rope høgt at dei skal stoppe.
Når vi er saman med vaksne, så skal dei vaksne passe på at vi barn er trygge. Dei vaksne skal passe på at vi får trøyst, er mette, har det bra og føler oss trygge. Dette er veldig viktig for at barn skal ha det bra!
- Undervisaren fortel elevane at dei no skal ha nokre samtaleoppgåver. Tips til eksempel på kvar samtaleoppgåve står i parentes. Tilpass samtalen til klassetrinnet for elevgruppa di, det er ikkje nødvendig å gjere alle samtaleoppgåvene.
Døme til samtalar
Døme: at barn får i seg nok mat, at barn føler seg trygge, at barn føler seg elska og verdifulle, at barn er varme nok når de er ute og leikar, at barn drikk nok vatn, at barn pussar tennene, at barn søv lenge nok, at barn kjem seg på skolen, at barn dusjar eller badar ofte nok (for eksempel etter trening eller bading i saltvatn), at barn får trøyst dersom dei er lei seg eller har slått seg.
Døme: Vaksne skal ikkje bestemme at du må klemme nokon du ikkje vil klemme, vaksne skal ikkje bestemme at du må sitje på fanget til vaksne du ikkje vil sitje på fanget til, og vaksne skal ikkje bestemme at du skal bli kilt når du ikkje vil. Barn har alltid lov til å seie frå om det er noko dei ikkje vil gjere. Vaksne skal heller ikkje be deg om å halde på vonde hemmelegheiter (ei god hemmelegheit er for eksempel kva søster skal få i julegåve – det er ei hemmelegheit ein vaksne kan be deg om å halde på), men ikkje halde på hemmelegheiter som gjer vondt i magen. Vaksne har heller ikkje lov til å leike med tissen til barn, og dei har ikkje lov til å be deg om å ta på tissen deira. Vaksne skal heller ikkje slå eller sparke barn.
Døme: seie nei, gå, skrike høgt, seie frå til ein vaksen. Somme gonger er det ikkje sikkert at du merkar at det som skjer, er noko du ikkje liker, før etterpå. Det er heilt vanleg og ikkje noko du skal bekymre deg for.
Døme: vondt i magen, vondt i hovudet, kvalm, lei seg, redd, sint. Nokre gonger gjer vi noko sjølv om vi kjenner litt på at vi ikkje vil. Det kan for eksempel vere å hoppe frå eit høgt stupebrett – då kan vi kjenne både på at vi har litt vondt i magen, er litt redde, litt spente og litt glade. Det er vanleg å kjenne på mange følelsar samtidig, og derfor må vi øve oss på å kjenne etter så vi veit kva vi eigentleg har lyst til! I slike situasjonar kan det vere lurt å snakke med ein vaksen du stoler på, om det som har skjedd.
Døme: Korleis ser vi ut når vi har skikkeleg lyst til noko? Kvar kjenner vi det i kroppen? Kva føler vi? Kva tenkjer vi? Korleis kan vi sjå at andre har lyst til å gjere noko? Kanskje med konkret eksempel: Korleis ser ein som har lyst til å få ein klem, ut? Korleis ser ein som har lyst til å vere med på leiken, ut?
- Som ei avrunding på samtalen kan de i klassen snakke om korleis vi kan seie frå om at vi synest noko er fint, og korleis vi kan seie frå når vi synest at noko er ubehageleg.
Eksempel: Kva kan du seie til ein venn du er glad i? Korleis kan du vise at du synest ein leik er morosam? Korleis kan vi vise at vi liker noko? Kven kan vi snakke med om vi har opplevd noko vi ikkje likte?
Informasjon
Samtykke er når ein uttrykkjer at ein er samd, gir løyve eller har lyst til å vera med på noko. Ein kan til dømes gi samtykke ved å uttrykkja eit ja til flørt eller sex, og det kan sjå ut på mange måtar. Det kan vera med ord eller med kroppsspråk, til dømes viss ein smiler og går nærare den andre personen. Samtykke er ein måte å stadfesta at ein ønskjer å delta på.
Ein kan alltid trekkja eit samtykke tilbake, viss ein ikkje lenger har lyst til å vera med på det ein har gått i gang med. Ein kan også gi samtykke til éin ting, men ikkje til ein annan. Det kan til dømes vera samtykke til å flørta, men ikkje til å kyssa. Derfor er det viktig at ein er merksam og sjekkar inn hos kvarandre for å forsikra seg om at alle er samde om kva som skal skje.
Gjennom arbeidet med denne øvinga kan elevane utvikle ordforrådet sitt, bevisstheita si og kunnskapen om kva handlingsalternativ dei har knytte til sin eigen kropp, og retten dei har til å bestemme over han. Det er vesentleg at vi som undervisarar er merksame på signala frå elevane undervegs og i etterkant av øvinga.
Det kan vere elevar i klassen som har vore utsette for grenseoverskridande opplevingar, og som kan reagere på øvinga. Derfor er det veldig viktig å ta med den delen som handlar om kven elevane kan snakke med dersom dei har vore utsette for noko dei ikkje likte. I denne samanhengen bør undervisaren nemne at dei kan snakke med lærarar, helsesjukepleiar eller andre tillitspersonar som elevane har rundt seg.
Dersom elevane har tilstrekkeleg digital kompetanse, kan de tilrå at dei kontaktar Alarmtelefonen på barn og unge på nettsida www.116111.no, eventuelt på telefon 116 111.
Kompetansemål
- Samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast.
- Samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep.
- Samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr, og kva det har å seie for korleis vi lever saman.
- Undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar.
Har du noe på hjertet?
Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.