Forklaring
- I denne oppgåva bruker vi illustrasjonar i PowerPoint for 3.–4. trinnet. Du finn PowerPointen under «Materiell».
- Undervisaren innleier øvinga med å fortelje elevane at dei skal snakke om kva dei ulike delane av kroppen heiter. Undervisaren spør elevane kva for ord på delar av kroppen dei veit om. Skriv orda på tavla, få eventuelt hjelp frå elevane til å stave dei. Når elevane ikkje kjem på fleire ord, fortel undervisaren at dei no skal sjå på nokre teikningar av kroppar utan klede på.
- Undervisaren forklarer at teikningane viser korleis innovertiss, vulva, og utovertiss, penis, kan sjå ut på innsida og utsida.
- Innleiingsvis kan det også vere fint å fortelje elevane at det finst kroppar som ikkje passar inn innanfor rammene for kva som blir rekna for ein jentekropp eller ein gutekropp. Somme av oss har kanskje både puppar og penis, eller vulva og ingen puppar. Somme av oss er også interkjønn, det vil seie at kjønnsorgana er litt som ei blanding av vulva og penis. Det kan også vere fint å snakke om at ikkje alle med vulva føler seg som jente, og at ikkje alle med penis føler seg som gut. .
- Deretter diskuterer de kva kroppsdel som er kvar på illustrasjonen på tavla, lysark 27–29. Peik gjerne og forklar for elevane kva dei ulike funksjonane til dei reproduktive organa er. Så kan de samtale om følgjande spørsmål:
- Var det nokon ord som de hadde høyrt før?
- Var det nokon ord som var nye for dykk?
- Kjenner de til andre ord for innovertiss og utovertiss? Kan de gi nokon eksempel?
- Visste de at det er forskjell på korleis dei som er fødde med vulva og penis, ser ut inne i kroppen?
5. I den siste delen av øvinga fortel undervisaren at det er viktig å vite at alle kroppar er heilt unike, og at dei ulike organa for reproduksjon har nesten ei slags superkraft. Det kan også vere fint å ta ein generell prat om kroppen og fokusere på dei gode eigenskapane som kroppane våre har.
Informasjon
Samtykke er når man uttrykker at man er enig, gir tillatelse eller har lyst til å være med på noe. Man kan for eksempel gi samtykke ved å uttrykke et ja til flørt eller sex, og det kan se ut på mange måter. Det kan være med ord eller med kroppsspråk, for eksempel hvis man smiler og går nærmere den andre personen. Samtykke er en måte å bekrefte at man ønsker å delta på.
Man kan alltid trekke et samtykke tilbake, hvis man ikke lenger har lyst til å være med på det man har gått i gang med. Man kan også gi samtykke til én ting, men ikke til en annen. Det kan for eksempel være samtykke til å flørte, men ikke til å kysse. Derfor er det viktig at man er oppmerksom og sjekker inn hos hverandre for å forsikre seg om at alle er enige om hva som skal skje.
Når elevane arbeider med denne øvinga, utviklar dei ordforrådet sitt, dei blir bevisste på og får kunnskap om kva handlingsalternativ dei har knytt til sin eigen kropp og retten dei har til å bestemme over han. Det er vesentleg at undervisaren er merksam på signal frå elevane undervegs og i etterkant av øvinga. Det kan vere elevar i klassen som har vore utsette for grenseskridande opplevingar, og som kan reagere på øvinga. Derfor er det veldig viktig å ta med den delen som handlar om kven ein kan snakke med dersom ein har vore utsett for noko ein ikkje likte. Her anbefaler vi at undervisaren forklarer at elevane kan snakke med lærarar, helsesjukepleiaren eller andre tillitspersonar som dei har rundt seg.
Dersom elevane har tilstrekkeleg digital kompetanse, kan undervisaren oppmode dei om å kontakte Alarmtelefonen for barn og unge på nettsida www.116111.no, eventuelt på telefon 116 111.
Kompetansemål
- Samtale om likskapar og ulikskapar mellom kjønna, om kjønnsidentitet og om menneskets reproduksjon.
Har du noe på hjertet?
Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.