Kven bestemmer over kroppen din

Kven bestemmer over kroppen din

  • Fag
    Samfunnsfag, generell del av læreplanen
  • Tid
    30 minutt
  • Type
    Fire hjørne
  • Mål
    • Elevane utviklar evne til refleksjon rundt sjølvråderett over kroppen.
    • Elevane øver seg på å gjere kompetente val knytte til sjølvråderett og grensesetjing.
    • Elevane trenar på heilt konkrete teknikkar for å handtere ulike situasjonar. Dei reflekterer over at det er ulike handlingsalternativ og fleire moglege konsekvensar av forskjellige handlingar.

Forklaring

  1. Skriv ut arket med dilemma. 
  1. Før elevane startar på øvinga, må dei få ei innføring i denne arbeidsforma. Dei skal vite at øvinga handlar om å ta stilling – også når dei er i tvil. Målet er ikkje å bli einige, men å undersøkje ulike standpunkt. Elevane skal ikkje kommentere vurderingane andre gjer. For å unngå personangrep bør elevane bruke eg-setningar. 
  1. Undervisaren stiller elevane eit spørsmål som utgjer eit dilemma, og gir dei fire moglege svar som dei då skal ta stilling til. Kvart hjørne av klasserommet representerer eit svaralternativ. Hjørnet kan merkast med ein bokstav, eit tal eller ved at undervisaren stiller seg der når svaralternativet blir lese opp. Når elevane har fått høyre alle svara, plasserer dei seg i det hjørnet som dei meiner har det beste svaralternativet.  
  1. Hjørnet «Andre alternativ» skal brukast av dei elevane som ikkje synest at dei tre andre svara er gode. Når alle har plassert seg i eit hjørne, kan øvinga halde fram på to måtar:  
    • Undervisaren går til kvart hjørne og spør om det er nokon som vil fortelje kvifor dei synest dette er det beste svaret. Fordelen med denne framgangsmåten er at elevane ikkje blir pressa til å svare om dei ikkje har lyst til å argumentere for standpunktet sitt. Undervisaren spør også elevane om dei ser ulemper ved alternativet dei har valt.
    • Undervisaren ber elevane i kvart hjørne om å snakke saman i mindre grupper på to–tre personar før dei skal argumentere for standpunkta overfor resten av klassen. Fordelen med dette er at dei først får øve seg på å argumentere overfor «likesinna».   
  1. Når klassen har høyrt argumenta frå alle dei fire hjørna, spør undervisaren om det er nokon av elevane som har skifta meining etter å ha høyrt dei andre svara. Dersom det er det, har dei lov til å flytte seg til eit anna hjørne – og eventuelt fortelje om kva det var som fekk dei til å forandre meining. 

Informasjon

Samtykke er når ein uttrykkjer at ein er samd, gir løyve eller har lyst til å vera med på noko. Ein kan til dømes gi samtykke ved å uttrykkja eit ja til flørt eller sex, og det kan sjå ut på mange måtar. Det kan vera med ord eller med kroppsspråk, til dømes viss ein smiler og går nærare den andre personen. Samtykke er ein måte å stadfesta at ein ønskjer å delta på.

Ein kan alltid trekkja eit samtykke tilbake, viss ein ikkje lenger har lyst til å vera med på det ein har gått i gang med. Ein kan også gi samtykke til éin ting, men ikkje til ein annan. Det kan til dømes vera samtykke til å flørta, men ikkje til å kyssa. Derfor er det viktig at ein er merksam og sjekkar inn hos kvarandre for å forsikra seg om at alle er samde om kva som skal skje.

Dersom eit hjørne står heilt tomt, kan elevane diskutere kvifor dei trur at ingen har plassert seg der. Dersom elevane fordeler seg veldig ulikt i hjørna, er det viktig at undervisaren prøver å vere positivt merksam på dei elevane som er i mindretal. Dersom det berre står éin elev i eit hjørne, stiller undervisaren seg der og leier øvinga derifrå. 

Kompetansemål

  • Samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast.
  • Samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar.

  • Samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep.

Har du noe på hjertet?

Alt materiellet i Kunnskapsportalen blir fortløpende vurdert og oppdatert. Dersom du har spørsmål eller kommentarer til noe av innholdet, ta kontakt, gi oss beskjed eller still spørsmål, så ser vi på saken.