Samtykke og vennskap (1. – 4. trinn)

Samtykke og vennskap (1. – 4. trinn)

Temaet for årets Veke 6-kampanje for 1.–4. trinnet er «Samtykke og vennskap». Målet er at elevane skal lære om situasjonar som krev samtykke, om korleis vi gir samtykke, korleis vi seier nei, og om korleis vi set grenser.

For 1.–4. klassingane gir kanskje ikkje omgrepet «samtykke» særleg meining. Kanskje er det eit vanskeleg ord å lære seg, hugse og forstå. Det er likevel viktig å gjere dette ordet tilgjengeleg og gjenkjenneleg for barna. Vi anbefaler derfor at du introduserer temaet og ordet «samtykke», for eksempel ved å spørje «når er det lov å seie nei?» eller «korleis ser det ut når nokon seier ja?». Når elevane får jobbe med konkrete situasjonar som dei kan kome opp i, får dei kanskje større eigarskap til omgrepet og forstår betre betydninga av samtykke i praksis. 

For 3.–4. trinnet finn du eigne ekstraoppgåver som dekkjer følgjande kompetansemål i samfunnsfag: «samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep.»  Oppgåve 4 dekkjer dei nemnde kompetansemåla.

Årets kampanjepakke består av tekstar til elev, undervisar og foreldre, handplukka oppgåver og PowerPointpresentasjon. Oppgåvene ligg «innbakt» i PowerPointen, og det blir derfor tilrådd å bruka denne til å strukturera undervisninga.

I infoteksten til elevane blir også omgrepa «kjønn» og «ikkje-binær» brukt. Det sistnemnde omgrepet blir skildra og forklart, men dersom elevane ikkje har kunnskap om kva kjønn er, kan det vere lurt med ein samtale om dette før de begynner å arbeide med temaet. De kan for eksempel gå gjennom dei personlege pronomena ho, han og hen i norskfaget. Det kan vere fint for elevane at infoteksten blir lesen høgt i klasserommet, og at dei får han med seg heim.

Arbeidet med grenser, respekt og samtykke kan opne for fine samtalar kring barnas eigne liv og opplevingar. Det kan styrkje dei. Det kan også føre til at du oppdagar at nokre av elevane i klassen har hatt ubehagelege opplevingar som det er fint at du veit om, eller det kan vere opplevingar som er så alvorlege at dei må handterast internt, for eksempel når det gjeld seksuelle overgrep.

I arbeidet med samtykke kan det vere fint å ha ein samtale med elevane om at sjølv om vi kan bestemme over oss sjølve og vår eigen kropp, skal vi ikkje misbruke dette med samtykke og bruke det til å halde andre utanfor leik og aktivitetar.