-Rart å avslutta det som var ein draumejobb

-Rart å avslutta det som var ein draumejobb

Etter elleve år i Sex og Politikk går Kjersti Augland vidare til Norad.

Etter elleve år i Sex og Politikk er Kjersti Augland, teamleiar for internasjonalt team, no på veg ut dørene. 31. oktober har ho sin siste offisielle arbeidsdag, før ho går vidare til Norad.

«Då eg byrja i Sex og Politikk, var dette ei draumestilling. Eg fekk meg ein draumejobb, så det er litt rart å skulla avslutta det som var ein draumejobb», seier Augland.

Ho byrja i Sex og Politikk 1. november 2015, nesten på dagen elleve år før ho no takkar for seg.

Før ho kom til Sex og Politikk, arbeidde ho mellom anna i CARE Norge og Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Det var særleg gjennom arbeidet i SAIH at interessa for seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR) vaks fram.

«Eg kjende at eg hadde lyst til å jobba endå meir spesifikt med SRHR, og meir politisk. Sex og Politikk var den einaste norske organisasjonen som berre fokuserte på dette feltet,» fortel Augland.

Eit historisk høgdepunkt

Gjennom elleve år har Augland hatt fleire roller i organisasjonen, men store delar av arbeidet hennar har vore knytt til det internasjonale feltet og politisk påverknad. Ho har mellom anna delteke i FN-forhandlingar, møtt norske politikarar og styresmakter og samarbeidd tett med organisasjonar og fagmiljø internasjonalt.

Augland trekker fram arbeidet med den norske abortlova som eit av høgdepunkta frå tida i Sex og Politikk. Som sekretariatsansvarleg for Sex og Politikk sitt fagutval for abort var ho tett involvert i arbeidet som førte til ei historisk endring av abortlova, der grensa for sjølvbestemt abort blei utvida frå veke 12 til veke 18.

«Det å få vera med på heile prosessen, frå høyringsinnspel og diskusjonar med politikarar til å sitta på galleriet på Stortinget då den nye lova blei vedteken, var kjempespennande. Å vera med på å endra ei lov er ikkje noko ein får oppleva så ofte,» seier Augland.

Viktig med samarbeid

Når Augland snakkar vidare om kva som har vore det viktigaste for ho gjennom åra i Sex og Politikk, trekker ho særleg fram samarbeidet med andre.

«Det er aldri berre éin person som får til noko åleine. Samarbeidet med tidlegare og noverande kollegaer, både her på kontoret og globalt i IPPF, har vore kjempegivande.»

Kollegaene samla til avslutningslunsj for Kjersti Augland. Foto: Silja Rønning

Augland håpar også at Sex og Politikk held fram med å ta ein tydeleg plass i samfunnsdebatten.

«Eg håpar Sex og Politikk kan bli ein endå meir synleg aktør nasjonalt og bidra med god informasjon om kvifor SRHR er heilt grunnleggande og ein naturleg del av det å vera menneske,» meiner ho.

Vidare til Norad

No skal Augland byrja i seksjonen for likestilling i Norad, der ho framleis skal arbeida med SRHR.

«Eg gler meg til å sjå tematikken frå den andre sida av bordet, og til å vera ein del av fagdiskusjonane på innsida hos norske styresmakter.»

Ho er samtidig tydeleg på at erfaringane frå Sex og Politikk blir med vidare.

«Eg hadde ikkje fått den nye rolla dersom eg ikkje hadde jobba i Sex og Politikk. Eg tek med meg alt eg har lært her,» seier Augland.

Når ho ser tilbake på elleve år i organisasjonen, er det særleg kollegaene og den politiske dimensjonen ved å vera ein del av sivilsamfunnet ho kjem til å sakna.

«Sex og Politikk gjer ein utruleg viktig jobb, og det er ikkje berre lett å sleppa det. Men eg gler meg til å følga med utanfrå og til å samarbeida vidare med alle dei gode kollegaene i Sex og Politikk,» avsluttar Augland.