FN-reform og seksuelle rettar på agendaen

FN-reform og seksuelle rettar på agendaen

Tre arrangement på éin dag! Under FN-veka sette Sex og Politikk søkelyset på framtida for seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR).

Tysdag 20. oktober stod FN-reformene på agendaen då Sex og Politikk samla politikarar, internasjonale organisasjonar og sivilsamfunnet til tre arrangement i Oslo. Eit sentralt spørsmål var korleis FN kan bli meir effektivt utan at det går utover seksuell og reproduktiv helse og rettar.

Arrangementa fann stad i ei tid der internasjonalt samarbeid er under sterkt økonomisk og politisk press, berre dagar før FN-dagen 24. oktober.

Starta dagen på Stortinget

Dagen byrja med eit lukka frukostmøte på Stortinget, der stortingspolitikarar og representantar frå internasjonale organisasjonar var samla.

Blant dei internasjonale gjestene var Professor Abdellatif Maamri frå Marokkos familieplanleggingsforeining (AMPF), Ulla Müller frå FNs befolkningsfond (UNFPA) og Gabriel Coutinho Galil frå Den internasjonale familieplanleggingsføderasjonen (IPPF).

Dagen starta med eit lukka frukostmøte på Stortinget, med politikarar og representantar frå internasjonale organisasjonar.

FN-reformene skapar bekymring

Seinare på dagen inviterte Sex og Politikk og FN-sambandet til eit internasjonalt lunsjseminar på Kulturhuset i Oslo, der utviklingsminister Åsmund Grøver Aukrust innleidde.

«Status quo er det verste alternativet. Dersom me ikkje reformerer oss no, vil me enda opp med eit svakare og mindre effektivt FN», sa Aukrust.

Vidare understreka han at reformene ikkje må svekka viktige mandat, særleg innan SRHR, og at dette framleis vil vera ei av dei høgaste prioriteringane til den norske regjeringa.

Etter innlegget til utviklingsministeren delte Maamri, Müller og Galil sine perspektiv, før dei deltok i ein panelsamtale leia av Jon Lomøy, internasjonal president i IPPF.

Jon Lomøy leia panelsamtalen med Ulla Müller (UNFPA), Abdellatif Maamri (AMPF) og Gabriel Coutinho Galil (IPPF).

Eit sentralt tema var forslaget om å slå saman UNFPA og UN Women. Deltakarane uttrykte bekymring for konsekvensane ei slik samanslåing kan få for rettar, fagkompetanse og helsetenester.

Müller åtvara mot at økonomiske omsyn får styra reformprosessen, medan Galil etterlyste dokumentasjon på at samanslåinga faktisk vil føra til innsparingar. Maamri viste til korleis finansieringskutt allereie har ført til at organisasjonen hans måtte stansa delar av arbeidet for flyktningar i Marokko.

Unge stemmer i FN-reforma

Seinare på ettermiddagen heldt diskusjonane fram hos FN-sambandet, der Sex og Politikk, SNU og FN-studentane arrangerte ein ny panelsamtale med dei internasjonale gjestene.

Samtalen blei leia av Ask Stenseth Kilstad, leiar i Press – Redd Barna Ungdom og ungdomsdelegat for internasjonalt diplomati.

Ask Stenseth Kilstad leia kveldens panelsamtale om FN-reformene, med særleg merksemd på unge og sivilsamfunnet si rolle.

Her blei fleire av problemstillingane frå lunsjseminaret vidareførte, med særleg merksemd på korleis unge og sivilsamfunnet kan få reell innverknad på reformprosessen.

Galil peika mellom anna på at reformene og dei føreslåtte budsjettkutta kan få konsekvensar for FN sitt ungdomskontor, medan Müller understreka kor viktig det er at unge sjølve får uttrykka sine behov og prioriteringar.