Lansering: «Veke 6» på nynorsk!

Kart utilgjengelig

Dato/Tid
30/11/2020
16:30 - 17:30

Sted

I haust oppdaterte Sex og Politikk materiellet vårt for seksualitetsundervisning for 8. til 10. trinn i samsvar med dei nye læreplanane. Vi er glade for at materiellet no er tilgjengeleg på nynorsk, og seier vel møtt til ei digital markering måndag 30. november.

Vi har fleire flotte innleiarar med oss på webinaret:
  • Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret
  • Synnøve Sætre frå Noregs Mållag
  • Gunnhild Skjold frå Norsk Målungdom
  • Wenche Sande frå Amathea Møre og Romsdal

Vi har òg fått med oss Eva Vinje Aurdal som ordførar i Ålesund, den største nynorskkommunen i landet. I tillegg vil Ellen Hansen frå Sex og Politikk snakke om korleis materiellet er endra og forbetra.

Arrangement blir strømma på sida vår på Facebook. Det blir òg tatt opp og kan sjåast sidan. Det vil vere mogleg å stille spørsmål.