Sex og Politikk mottar årets Målblome frå Oslo mållag for sin innsats for nynorsken

På dagen i dag, 137 år sidan jamstillingsvedtaket, fekk organisasjonen Sex og Politikk Målblomen for arbeidet sitt for nynorsken.

Leiar for Oslo mållag, Kristofer Ravn Olai Stavseng, møtte opp i lokala til organisasjonen Sex og Politikk for å overrekke prisen til dagleg leiar Tor-Hugne Olsen og dei andre tilsette. Han snakka om kor viktig det er å halde fram det gode arbeidet.

 

Tryggleik i eigen kropp, på eiga målform

Grunngivinga for prisen er som følgjer:

«At Sex og Politikk tilbyr kampanje- og undervisningsmateriell til Veke 6 på nynorsk og samisk, gjer at mange fleire unge både kan bli meir trygge på eigen kropp og som språkbrukarar. Det er ikkje verst å kunna bidra til normalisering av ulike kroppar og ulike språk i eitt og same prosjektet. Me håpar flest mogleg legg merke til det viktige arbeidet Sex og Politikk legg ned, for det fortener all mogleg skryt.»

Stavseng legg til at «den 16 år gamle meg hadde sett veldig pris på dette materiellet, og det å kunne få det på eige språk er viktig».

Stolte over utmerkinga

Sex og Politikk har i lengre tid arbeidd for å kunne tilby alt  seksualitetsundervisnings-materiellet på nynorsk, samisk og bokmål.

«Vi ser kor viktig det er å tilby Veke 6 på eit språk som møter elevane der dei er, på deira eige språk. Derfor er det vår nye gullstandard å tilby parallellutgåver på nynorsk, samisk og bokmål. Å få ein Målblome frå Oslos Mållag er ei stadfesting på at det vi gjer, er riktig. Det motiverer oss til å fortsetje arbeidet med å halde ved lag denne gullstandarden», seier dagleg leiar Tor-Hugne Olsen.

«Det vi også ser, er at nynorsk fort blir gløymt når digitale læremiddel blir utvikla, her er det aller meste på bokmål. Vi ønskjer å vere ei motkraft her og sikre at det er eit godt tilbod på begge målformer.»

Uvurderlege omsetjarar

Då Sex og Politikk bestemte at alt materiellet skulle omsetjast til nynorsk, starta arbeidet med å finne gode omsetjarar. Det fann vi i Språksmia, som består av Hegelin Waldal og Audun Skjervøy. Samarbeidet har fungert godt frå dag éin, og begge partar er storfornøgde med utmerkinga frå Oslo mållag.

«Vi vil rette ein stor takk til Språksmia, som har gjort ein uvurderleg jobb med å omsetje og kvalitetssikre tekstane. Dersom fleire visste at det finst aktørar som Språksmia, kunne det sikkert bidratt til å gjere nynorsken endå meir synleg. Vi håpar sjølvsagt at fleire vil følgje etter og vere med på å synleggjere språkmangfaldet i Noreg», avsluttar ein fornøgd og takknemleg Tor-Hugne Olsen.

«Sex og Politikk set gjennom materiellet sitt ord på mange tema og spørsmål som det kan vere vanskeleg å snakke om – sjølv for vaksne. Materiellet gir ungdommane eit språk for å forstå og snakke om kropp og seksualitet. Når desse orda i tillegg kjem på elevane sitt eige språk, vitnar det om ein grunnleggjande respekt for det unge mennesket, som er i ein viktig og sårbar fase i livet. Vi er skikkeleg stolte over å få samarbeide med Sex og Politikk, og gratulerer dei så mykje med den velfortente Målblomen», seier Hegelin Waldal i Språksmia.